2. desember 2008

Essay

  1. Definisjon: Eit upretensiøst (beskjedent, fordringslaust) forsøk på å ordne tankane litt omkring eit emne som forfattaren har lyst til å behandla, men som han - beskjedent - også meiner burde ha fått ei langt meir alvorleg og uttømmande omtale enn denne som han, ikkje-eksperten, kan komma med.(Michel de Montaigne)

  2. Karakteristiske trekk: ei kortare avhandling retta til eit relativt danna publikum ei lettfatteleg, men velskriven betraktning over eit emne kort avhandling i populær form om kunstnerisk, vitskapeleg eller eit anna samfunnsmessig interessant emne.

  3. Dei vanlegaste retoriske verkemidlene:
  • Subjektivitet: Forfatterpersonen er tydeleg til stades. Essayet er hans/hennar oppfatning av saka.
  • Vandring i emnet: Forfattaren snakkar som om han vil ta lesaren med på ein "rundtur" i eit emne. Han går gjerne omvegar før han kjem til saka. Rundt sjølve emnet/den raude tråden spinn han anekdotar og frie tankesprang som skal tene til å illustrere det han vil seie.
  • Innforståttheit: Forfattaren vender seg til lesarar med same bakgrunn og danningsideal som han sjølv. Han tar det for gitt at dei er på bølgelengd med han.
  • Prosessualitet: Forfattaren utviklar sine tankar som ein (lang) prosess, der ikkje ytre hendingar, men hans eigne tankar er hovudsaka.
  • Monolog med dialogpreg: Essayet er som ein einetale, men tydeleg retta mot lesaren, ofte så direkte og personleg at det kan verke som samtale/dialog.
  • Dialektisk oppfatning av verkelegheita: Essayisten ser ei sak frå fleire sider. Han er motsetnadsfylt og gjer inntrykk av å ville vere objektiv, mens han eigentleg svært ofte er subjektiv.
  • Skepsis: Essayistens skespsis til ei sak pregar gjerne teksten. Kritikk mot eit eller anna er ofte hovudsaka.
  • Open form: Essayisten gjer ikkje svar på alle spørsmål han reiser, men overlet til lesaren å tenke seg fram til ei løysing eller konklusjon sjølv.
  • Falsk beskjedenheit: Gjer inntrykk av at han veit mindre enn han gjer. Skjult/indirekte argumentasjon blir viktigare enn open argumentasjon i essayet