På gangen deira heng det eit portrett av faren hennar, General Gabler. Gjennom heile stykket får vi inntrykk av at ho hadde eit nært forhold til han. Vi får verken høyre om mor eller søsken, så han har antakeleg oppdratt henne aleine. Han har vore eit sterkt forbilde for ho, og har mellom anna lært henne å ri og skyte. Ho har også blitt påverka av Generalens måte å tenkje på, ho skal holde hovudet høgt og vere sterk i alle saker. Pistolane han etterlat seg, får stor betyding for handlinga i stykket. Hedda plar å skyte i hagen for moro skyld når ho ikkje har særleg anna å ta seg til. Pistolane vart nemnt ofte og forbereder heile tida lesaren på kva som kjem til å skje.

Det er først når Hadda sin ungdomsvenn, Eilert Løvborg, plutseleg dukkar opp, at vi får innblikk i fortida hennar. Han har for tida eit sterkt forhold til Thea Elvsted, noko Hedda absolutt ikkje liker. Etter kvart får vi høyre at Løvborg skal gi ut ei ny bok om framtida, som han og Elvsted har jobba med. Boka blir som eit barn for dei. Gjennom ein dialog med Hedda og Løvborg, får vi vite at dei hadde vore saman i ungdommen, og det er tydeleg at dei begge enda har kjensler for kvarandre. Sjølv om Hedda saknar fortida si med Løvborg, klarer ho likevel ikkje å forlate Tesman. Kanskje det nettopp er den faglege sida av Tesman ho er tiltrekt av, for den minnar henne om Løvborg. Elvsted derimot, var også ulykkeleg gift saman med sin mann, og bestemte seg derfor for å forlate han for Løvborg.
Hedda vil oppleve den makta ho hadde over han, og påverkar han derfor til å drikke alkohol, til tross for at han er ein nyleg avvenda alkoholikar. Rusen han fører til at han klarer å miste manuskriptet til den nye boka. Tesman finn manuskriptet og skal levere det tilbake når Løvborg er i stand til å ta vare på det. Men på grunn av Heddas misunning på Thea, brenner ho barnet deira, manuskriptet. Når Løvborg oppdagar at manuskriptet er borte, meiner han at han ikkje har noko å leve for, og han har ikkje brukt for Elvsted meir. Hedda gir han ein av pistolane og seier han bør skyte seg sjølv i skjønnheit. Slik følte ho at ho fikk makta over han tilbake igjen. Etter Løvborgs død føler Hedda seg aleine igjen, ho har mista det som betydde mest for henne, hennar far og hennar store kjærleik. Stykket ender med at Hedda også skyt seg sjølv i skjønnheit.
Hedda er veldig opptatt av å vise at ho er Generalens dotter, og ikkje hennar manns hustru. Både Eilert Løvborg og forfattaren sjølv, vel å kalle henne Hedda Gabler, og ikkje Hedda Tesman.

Det har blitt mer aktuelt med databruk i skoleundervisningen de siste årene. De fleste lærere mener nok at dataen ødlegger undervisningen, mye på grunn av at det er lett å bruke internettsider til andre ting, og de mener nok at elevene ikke konsentrerer seg om selve skolefaget. Dataen har blitt en stor konkurrent til noen lærere. Derfor har mange av lærerne kuttet ut databruken i timene, men det er da de heller burde tatt seg sammen å vist hvem som er sjefen.


I den senere tid laget romerne en ny tradisjon. De puttet lapper med navn på deilige unge jenter i en boks, og den jenta som ble trukket ut av hver enkelt, skulle være partneren hans i et år. Dersom en kvinne ga en gave til den første mannen hun møtte denne dagen, var det vanlig at de holdt sammen resten av året. Han var hennes «Valentin» og hun var hans «Valentine». Det engelske ordet valentine har i dag fått betydningen kjæreste eller kjærlighetsbrev/-kort og et hjerte er dagens symbol.
